2016 Plexitrykk

innvitasjon til kurs

Kurs i grafikk for elevar på 5. – 7. trinn, haustferien 2016

Eg vart invitert av Stord Kunstlag til å halde kurs i grafikk i haustferien 2016, for elvar på 5. – 7. trinn i Stord kommune. Kurset gjekk over 4 dagar og var eit gratis tilbod for 12 deltakarar. Utgiftene til kurset var sponsa av Sparebanken Vest og Kulturrådet.

Målsettinga med dette kurset var at deltakarane skulle få kunnskap om grafikk som uttrykksform og få erfaring med ein kreativ prosess frå ideutvikling til ferdig utstilling. Alle fekk utarbeida 2 ulike motiv som vart ramma inn og stilt ut. Etter 4 dagar på kurs, var det utstillingsopning på kvelden som var open for publikum. På opninga var det Mozell i glasa, overrekking av roser til utstillarane og talar.

Me ønskte gjennom dette kurset å la deltakarane få erfaring med å vera i ein kreativ prosess over tid og gi dei moglegheit til å komme i flyt sonen under prosessen. Me hadde i forkant ikkje planlagt faste pausar og var spent på korleis opplegget ville engasjere dei. I tillegg ønskte me at dei skulle få erfaring med og føle mestring med eit nytt materiale og bli stolt over eige visuelt uttrykk.

Under grafikkurset fekk deltakarane:

  • Sjå bilde av ulike kunstnarar som jobbar med djuptrykk/pleksitrykk som inspirasjon for eige arbeid
  • Utvikle eige motiv med utgangspunkt i foto
  • Arbeide med komposisjon
  • Lære om grafikk og djuptrykksteknikken plexitrykk
  • Lære om fargeblanding
  • Trykke eit lite opplag av eigne bilde
  • Signere, nummere og lage tittel til bilda
  • Ramme inn, vera med å kuratere og henge opp eigne bilde på utstilling
  • Moglegheit til å formidle eigne erfaringa på utstillingsopninga

Det overordna temaet for trykka deira var identitet og dei hadde med seg foto som dei ville jobbe med første dagen. I løpet av kurset fekk alle lage to motiv kvar. Eit sjølvportrett og eit valfritt motiv som skulle sei noko om kva dei er oppteken av eller som var viktig for dei.

Det var 11 elevar frå 5 barneskular som deltok på dette kurset og eg hadde fire veldig kjekke dagar saman med dei og assistent Kari Svanberg Pedersen. Dei var fulle av energi og dei var konsentrerte. Dei var engasjerte gjennom heile prosessen og dei knytta nye vennskap. Når me hadde lunsj så spurte dei om å få gå tilbake for å fortsette, og det var einaste pausen me hadde mellom kl. 09.00 og 14.00. Dei imponert meg og inspirerte meg med korleis dei brukte fargar i trykka sine.

«No blei bildet enda finare» var ein kommentar frå ein av dei, då ho såg bildet sitt innrama.

 

Ved å trykke på bildet under kjem du inn på Stord kunstlag si Facebook side og du kan sjå sjå fleire bilde frå kurset.

Foto: Kari Svanberg Pedersen

Reklame