Aktuelt

Norske grafikere si medlemsutstilling 13. juni – 17. juli

I sommar vert bilde mitt «Å teikne min strek» del av medlemsutstillinga til Norske Grafikere, i galleriet som ligg i Tollbugata 24, Oslo.

https://www.norske-grafikere.no/

å teikne min strek gulgrøn

 

HIT og Avtrykk-festivalen, mai 2019

1[1]Saman med kollega Charlotte Tvedte og fem ungdomskulelærarar i kunst og handverk i Haugesund, deltok me på kunstfestivalen og stilte ut kunstprosjektet mellom i bakgården til Galleri Knapphuset.

Utstillinga/installasjonen var ein del av sideprogrammet under HIT (Haugesund Internasjonale Tresnitt) – og AVTRYKK-festivalen 2019.

https://www.hitfestival.no/sideprogram-1

For meir informasjon og bilde frå utstillinga kan du sjekk ut nettsida vår https://blogg.hvl.no/mellom/

 

Kurs i tresnitt, mars 2018

Tresnitt eg fann eg fann

Tresnitt er ein teknikk som eg har blitt meir og meir interessert i dei siste åra. Difor var det veldig kjekt å være på kurs og lære meir om denne teknikken på Tou Trykk med Elin Gabrielsen som kurshaldar. Med inspirasjon i Elin sine puslespeltrykk av dyr, i kombinasjon med engasjementet mine barn viste då dei fann ein død fugl, utarbeida eg motivet til dette bildet. Eg jobba med puslespelteknikk på to plater for å få moglegheita til å trykke to fargar i tillegg til kvit på sjølve fuglen.

 

 

 

Pågåande prosjekt: 2017
Barns frie strek og uttrykk

Eg har lenge vore oppteken av barnteikningar og når ein har eigne barn så er det ekstra spennande å sjå utviklinga frå dei første strekane til figurane tek form. Det som fasinerer meg med barneteikningar er at barn kan vera både frie og trygge på eige uttrykk, heilt frå dei startar å teikne.

Starten på å bruke barneteikningar som ein del av eigne bilde, starta i 2012 då eg frå sjukehuset meldte meg på grafikkurs med Jan Terje Rafdal. Han skulle halde kurs ein dag etter min termin, så då Konrad kom 11 dagar før tida, kunne eg melde meg på kurs i etsing med aluminiumsplate!

Eg hadde ikkje så god tid til å førebu meg, men eg fotograferte jenta mi då ho satt og teikna, i tillegg tok eg med meg fleire av teikningane hennar.

Fredrikke teiknar

Fredrikke teiknar
Etsing på aluminium, trykt med to plater
Storleik: 18 x 20 cm

 

Sjølv om eg ikkje likar at nevane ikkje vart korrekte, så likte eg å kombinera barneteikninga som ein del av bildet. Det å jobbe med to plater var og noko eg syntes var kjekt å lære, med tanke på korleis eg kan jobbe lag på lag og ha full kontroll med fargane.

Å teikna min strekÅ teikne min strek
Plexitrykk med 3 plater
Storleik: 39 x 39cm

 

Norske Grafikere hadde ein open invitasjon til alle aktive kunstnarar i Norge, om å bidra med eit grafisk verk, i anledning 80 års dagen til Dronning Sonja. Dette var noko og hadde veldig lyst å væra med på og i ein travel kvardag, treng eg ein deadline å jobbe mot. Plexitrykket, Å teikne min strek, er no med på utstillinga i Dronning Sonja KunstStall. Utstillinga vart opna 4. juli 2017, på Dronninga sin bursdag. For meir informasjon om utstillinga kan du sjekke facebooksida til Dronning Sonja KunstStall.

Det å jobbe med kontrastar er noko som vart viktig for meg då eg tok Mastergraden min. Då jobba eg med å få til ein balanse mellom geometriske stramme linjer og organisk tekstur. No jobbe eg med å finne balansen mellom min kontrollerte strek og barns frie uttrykksfylle strek.

Tittelen, Å teikne min strek, refererer og til det at det er viktig å finne sin strek,  sin identitet.

 

 

 

Reklame