2007 Kunsthallen Stord Kulturhus Spor av tid

This slideshow requires JavaScript.

Presseomtale i Sunnhordland i forkant av utstillinga:

Spor av Katrine

Katrine Borgenvik har vore i Australia og laga bilete av stålplater og salpetersyre. Resultatet er ei samling unike kunstverk. Laurdag opnar stordajenta den første separatutstillinga si i Kunsthallen i Stord kulturhus.

[ Publisert: 11.04.07 kl. 07:30 ]

Utstillinga har fått namnet «Spor av tid» og tek av alle ting utgangspunkt i gamle, morkne låvar. – Eg fotograferte gamle bygningar då eg var heime på juleferie, fortel Katrine Borgenvik (27). – Hus som naturen har fått herja med har noko spesielt ved seg. For meg er det interessant å arbeida i skjeringspunktet mellom det naturlege og det menneskeskapte. Raudt og grønt er fargar som går mykje igjen i bileta. Katrine overfører fotografia til éin millimeter tjukke stålplater, eller kopierer nedbrytinga av trematerialet med spesielle teknikkar. Temaet «tid» kjem til synes på fleire måtar. – Til dømes brukar eg nummer som symbol på dagar i veka eller månaden når eg planlegg eit bilete. Dette gjer det enklare å ta avgjersler om kor mange linjer eg skal laga og liknande.

Kunst som lagar seg sjølv
Når eit kunstverk skal lagast, må stålplata vaskast med sandpapir og liggja i salpetersyre eit par dagar. Dei områda av plata som ikkje skal etsast vekk, dekkjer Katrine med til dømes kontaktpapir. Til slutt legg ho farge på bileta, men nokre plater er så fine i seg sjølv at ho let dei vera som dei er. – Eg veit aldri heilt korleis platene blir etter etsinga; kor mykje som har tært bort. Ho hentar eit avlangt, grønfarga bilete. – Her, til dømes, ser du at limet frå kontaktpapiret sit igjen og har laga sine eigne sjatteringar. Det er ein balanse mellom det eg kontrollerer og dei prossessane eg ikkje kan styra. Slik er bileta med på å laga seg sjølve.

Mastergrad frå andre sida av jorda
Det var i Australia Katrine oppdaga stålplatekunsten. Her studerte ho grafikk, og ho fortel om to fantastiske og lærerike år på andre sida av jordkloden. Frå før har Katrine ein bachelorgrad i illustrasjon frå England og eit årsstudium i kunsthistorie frå universitetet i Bergen. Då sambuaren ville avslutta ingeniørstudiet sitt i Australia, blei ho med. Dette førte til to års vidare studie i Pearth, og mastergraden i grafikk var ferdig til jul i fjor. – Det første året lærte eg om grafiske trykkmetodar. Mønsteret laga eg på plater i harde materiale, og med tida fann eg ut at det var meir spennande å skapa originalkunstverk av sjølve platene, enn å trykkja dei opp i mange papireksemplar. Katrine utvikla gradvis eit unikt og svært personleg kunstuttrykk, og ein dag vart ho introdusert for den japanske estetikkfilosofien «wabisabi». – Det var ei stor oppdaging for meg. Wabisabi dreier seg om naturen og om å sjå det vakre i ting som endrar seg over tid. Ingenting varer, alt har ein start og ein slutt. Plutseleg oppdaga eg at alt det eg prøvde å oppnå i kunsten min, fanst i wabisabi.

Drøymer om kunstverkstad
No er Katrine komen heim, og for tida er ho lærarvikar i mellom anna formgjevingsfag på Stord Ungdomsskule. – Det er veldig interessant å arbeida med andre menneske sin kunst. Eg ser ikkje føre meg ei framtid der eg alltid står åleine på eit rom og lagar bilete, men det hadde vore herleg å ha økonomisk fridom til å kombinera det med undervisning. Slik ser altså draumekvardagen ut for den nyutdanna kunstnaren. Ein annan draum er å få sin eigen verkstad. – No har eg jo ingen stad å arbeida, og bileta ligg spreidd omkring i huset. Katrine lagar gjerne bilete som berre hamnar på loftet; det er prosessen som er spennande. – Eg veit jo at eg er avhengig av å selja for å tena pengar. Det viktigaste med utstillinga er likevel ikkje å få seld ein haug med bilete, men å få vist fram kva eg driv med. Det er ekstra skummelt å stilla ut heime på Stord, synest ho . – Men det må jo til for at folk skal vita om meg. Eg håpar mange stikk innom. Utstillinga opnar laurdag, og abstrakte stålgjenskapingar av gamle Stordlåvar er altså det ein kan venta seg. Med ein dæsj Australia, ein dæsj Japan og ein stor dæsj Katrine.

 

Marita Kjetland Rabben

Reklame