2013 Galleri Giga INN i VEGGEN

BorgenviktGIGAmai

INN i VEGGEN
Då Katrine Borgenvik restaurerte eit hus frå 1953, fann ho mange overraskande ting i veggene.
I tillegg til klede og aviser som var vanleg å nytta som isolasjon, fann ho mellom anna barneleiker, ulike flasker og sjølvantenneleg nitratfilm.

Dei seier at ramnar stel det som glitrar, og medan dei restaurerte huset, sparte Borgenvik på det som ho syntes glitra. Sidan eg er inspirert av den Australske kunstnaren Rosalie Gascoigne og Wabi Sabi estetikk,  inkluderer dette at eg nyttar plankar frå veggene og rusta spikrar. Wabi Sabi er ein japansk estetikk som ser det vakre i det som ikkje er perfekt og det som forfell over tid. Karakteristiske trekk er rustikk enkelheit, og asymmetri, seier ho

I denne utstillinga har ho teke utgangspunkt i det som er funne i veggene, og veit ikkje om desse tinga er gøymt eller plassert inn i veggene før huset var ferdig. Det er ukjent for ho, og det er ikkje sentralt kven som har budd i huset, eller kva desse objekta har betydd for dei. I utstillinga viser ho likevel brotstykke av historia deira, men lagar ei eigen historie ved å velje ut, omarbeide og fortelje ei ny historie.

Det å oppdage nye ting og bli overraska i prosessen er noko av drivkrafta mi for å jobbe med kunst.  Noko av den same opplevinga hadde eg då eg tømte veggene for isolasjon på jakt etter nye ting. Eg håpar tilskodaren i utstillinga og får litt av den same opplevinga ved å studere kikkekassane mine.

Det er tinga i veggane som har styrt både motiv og teknikkar til denne utstillinga. Dette har ført til at eg har jobba meir variert i uttrykket og teknikkar enn tidlegare. Nokre av tinga er blitt fotografert, eller direkte kopiert medan andre ting er nytta som inspirasjon for eigne uttrykk. Teknikkane som eg har jobba med er foto, digitalt collage og bilete i mixed media. Eg har støypt små porselens ”skåler” i støypeformer laga av røyr frå veggen.  Eg synes kunstformidling for barn er viktig, og har av den grunn laga ein kikkekasse særskild for barn.  

Katrine Borgenvik er utdanna illustratør og har i tillegg mastergrad i kunst, der ho spesialiserte seg innan grafikk. Sidan 2009 har ho arbeidd som kunst og handverkslærar på Høgskulen Stord/Haugesund.

Med helsing
Galleri Giga

This slideshow requires JavaScript.

Kven fann løva?

løve

I tillegg til arbeida eg stilte ut, hadde eg laga fire porselensavstøypingar av ei løve, i ei lita form som eg og fann i veggen. Løvene var kvite og eg plasserte dei i barnehøgde i rommet, for å sjå om dei vart oppdaga av publikum. Dei var ikkje nemnt i verkslista og skulle ver ein overrasking til publikum som oppdaga dei. Ei av løvene var vekke då eg skulle ta ned utstillinga. Eg veit ikkje om det var eit barn eller ein vaksen som fann løva, men eg håpar denne personen ser på den som ein skatt, som han eller ho passar godt på.

Reklame